Korleis søkje og filtrere
Organisasjonsnummer - Skriv inn sifra i organisasjonsnummer til føretaket uten mellomrom, så blir relevante treff viste fortløpendeFøretaksnamn - Skriv inn namnet på føretaket, så blir relevante treff viste fortløpende
Filter - Vel dei ynskte filtra, så blir relevante treff viste fortløpende. Filteret etter tiltaksklasse søkjer etter føretak etter prinsippet om at dei kan forestå vald tiltaksklasse. Til dømes vil søk etter prosjekterende arkitektur i tiltaksklasse 2 vise alle føretak som har sentral godkjenning for prosjekterende arkitektur i tiltaksklasse 2 eller 3
Sentralt godkjent er ei kvalitetsordning
Føretak som er sentralt godkjente har kompetanse, erfaring og system som er tilpassa deira aktivitet i byggenæringa. Desse føretaka kan dokumentere at dei har:
- Riktig kompetanse og erfaring frå fagområdet
- Kvalitetssikringsrutinar
- Betalt skatter og avgifter
Som valfri tilleggsinformasjon kan føretaket opplyse at det er godkjent som opplæringsbedrift og at det har ein forsikringsordning for dei tilsette.
Sentral godkjenning - ei kvalitetsordning for bedrifter i byggenæringa
Sentralt godkjent blir administrert av Direktoratet for byggkvalitet
Sentralt godkjent er ei frivillig kvalitetsordning. Føretaka som er tekne opp i ordninga, har søkt Direktoratet for byggkvalitet om godkjenning og dokumentert at dei fyller krava.
Målet med kvalitetsordninga er at ho skal bidra til å fremje kvalitet og seriøsitet blant alle aktørar i byggenæringa. Det er straffbart å misbruke merket.